Vi søkjer prosjektleiar til etableringa av Nynorsk Forfattarskule for Minoritetsnorske
Minotenk og Samlaget planlegg etablering av ein forfattarskule for skriveglade personer med minoritetsbakgrunn. Vår ambisjon er å skape eit større litterært mangfald og motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen.
Vi søkjer derfor deg som har lyst til å realisere ambisjonen og ønske velkommen til det første kullet våren 2022. Du får i oppgåve å planlegge og koordinere drifta av forfattarskulen, setje saman læreplanen og rekruttere studentar. Du vil rapportere til og samarbeide med ei styringsgruppe, satt saman av høgkompetente kollegaer frå Minotenk og Samlaget.
I første omgang kan vi tilby 4–5 månaders engasjement i 50%-stilling frå august 2021, med moglegheit til å forlenge. Oppstarten av prosjektet er finansiert med støtte frå Fritt Ord. Medan dette blir skrive arbeidar vi med å fullfinansiere drifta av forfattarskulen på varig basis. Vi håpar derfor å kunne tilby deg ei åremålsstilling som leiar av forfattarskulen frå januar 2022.
Vi ynskjer deg som er ein god og drivande organisator med interesse for litteratur. Det er flott om du har erfaring frå forfattarskule eller anna pedagogisk verksemd.
Send søknad til soknad@samlaget.no før 25. mai.
Kontakt i Minotenk: Linda Noor. Telefon 941 98 134
Kontakt i Samlaget: Edmund Austigard. Telefon 482 01 320
Om oss:
Minotenk er en landsdekkende organisasjon som arbeider for å definere problemstillinger og utfordringer som gjelder minoriteter i Norge, og for å fremme politiske og praktiske løsninger. Minotenk er også en nettverksplattform for unge mennesker, på tvers av etnisk bakgrunn, religion og kjønn. Vi tilbyr kurs og veiledning, samt en arena for å delta i den offentlige debatten. Vi jobber ut ifra FNs menneskerettighetserklæring og er partipolitisk og religiøst uavhengige.
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.
Foredrag og workshops
Kunne du tenke deg et foredrag eller workshop til din skoleklasse, ungdomsgruppe –klubb eller lignende om tematikken fra boken, så ta gjerne kontakt med oss.
Du kan lese mer om hvilke foredrag og workshops vi kan tilby her.
Sideoversikt
Kontakt
Følge oss