Søk Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring!

 

Saman med forlaget Samlaget har Minotenk etablert Forfattarskulen. Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Skulen er for skrivande med minoritetserfaring. Dagleg leiar for Minotenk, Linda Noor seier dette om Forfattarskulen; – Målet vårt er å løfte gode litterære stemmer med minoritetserfaring og gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår.

– Med minoritet meiner vi her alle minoritetsgrupper. Det kan vere dei nasjonale minoritetane, samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn, seksuelle minoritetar, kjønnsminoritetar, folk med funksjonsnedsettelsar osv. Dette er inga utfyllande liste, seier prosjektleiar Sigmund Løvåsen. Les resten av intervjuet her.

Skulen går over eitt år med  fem helgesamlingar (fredag–søndag). I tillegg får du oppfølging av ein etablert forfattar mellom samlingane. Første samling er 28.–30. januar 2022, og vil finne sted i Oslo. Reise og opphald blir dekt.

Korleis søke?

Som søkar må du vere over 18 år og enno ikkje ha debutert som forfattar. Søknaden skal innehalde eit brev der du fortel om deg sjølv, bakgrunnen din og motivasjonen for å søke. I tillegg må du sende 5–10 sider skjønnlitterær tekst eller sakprosa skriven  på nynorsk (t.d. dikt, kortprosa, novelle, utdrag frå større manus, barnebok).

Nynorsk vil bli arbeidsspråk gjennom kurset, men det er ikkje krav om at nynorsken skal vere feilfri. Vi er opne for søknader både frå dei som allereie har nynorsk som sitt skriftspråk, og dei som har ønske om å arbeide litterært med nynorsk som sitt skriftspråk frå no.

Forfattar Sigmund Løvåsen er prosjektleiar for Forfattarskulen, og søknad skal sendast til forfattarskulen@samlaget.no innan 11.November. Ta også kontakt om du har spørsmål kring søknaden eller skulen! 

(Illustrasjon: Samlaget)

Foredrag og workshops

Kunne du tenke deg et foredrag eller workshop til din skoleklasse, ungdomsgruppe –klubb eller lignende om tematikken fra boken, så ta gjerne kontakt med oss.

Du kan lese mer om hvilke foredrag og workshops vi kan tilby her.

 

 

 

© 2019 Minotenk
Designet og utviklet av Ivar Simonsen

Kontakt

Adresse: Torggata 1, 0181 Oslo
E-post:  post@minotenk.no
Organisasjonsnr: 924 978 112

Følge oss